
Velkommen til
Halsnøy Historiske Senter
- Et senter for norsk båtbyggingstradisjon, kystkultur og kystnæring for hele familien.

Onsdag 26.01.26 - kl. 18:00
Anders Haugland med Skåneviksoga til Drøsekveld
Gamle Skånevik herad har ei rik og mangslungen kulturhistorie å by på frå "gamle dagar", som vi på folkemunne ofte kallar tidsbolken frå 1600 - 1700-talet og frametter mot 2. Verdskrigen. Trolldom i Røo, skottehandel i Toftekalven, «Montanjen» på Handeland – og den endå verre sonen hans, tragediar til lands og på sjøen, barneflokkar så store at mest heile alfabetet gjekk med for å nummerera dei, nabokranglar, ei oppfinning i verdsklasse – ja, til og med eit mordforsøk som gjekk skeis. Eller godt, alt etter kva side ein ser det frå!
Det er nytt år og duka for nye drøsekveldar i Halsnøy Historiske Senter. Onsdag 21. januar kjem mannen bak "Skåneviksoga", bygdebokskrivar Anders Haugland frå Ølen for å fortelja om desse og andre hendingar.
Temaet for kvelden vert i hovudsak avgrensa til bind I av Skåneviksoga, som omfattar gamle Holmedal kyrkjesokn. Det vil sei gardane søraust på Halsnøy, området søretter frå Handeland til Utåker og Holmedal m.v. samt Fjellandsbø øvst i Uskedalen og Matre.
Anders Haugland er ein kunnskapsrik historikar, forfattar og ein god forteljar. Han har ei eiga evne til å setja soger, livslagnader og anekdotar inn i ein større lokalhistorisk samanheng. Kåseriet hans vil mellom anna røra ved kva rolle Kloster-godset fekk for livet rundt om i bygdene, tilliks med Baroniet i Rosendal. Samstundes får vi levande glimt frå kvardagsliv, konfliktar og dramatiske hendingar i området vårt.
Skåneviksoga, gards- og ættesoge fekk mange godord då det første bindet som dekka Holmedal sokn kom ut i 1981. Det har sidan vore eit sentralt referanseverk for lokalhistoria i Sunnhordland. På drøsekvelden får publikum høve til å ta del både i dei store linjene og dei små, minneverdige sogene som gjer historia levande. Vel møtt til ein kveld der vår eiga, lokale historie skal få fokus.













